Jobs

Vil du jobbe innan rekneskap og revisjon?

Bli ein del av Deloitte Florø

Mot havet i vest ligg det vestlegaste Deloitte-kontoret i Noreg.

Deloitte er ein av verdens største revisjons- og
rådgivningsselskap. Hos oss blir du ein del av eit stort tverrfaglig kompetansemiljø som leverer revisjon, advokattenester, finansiell rådgjeving, risikoanalyser og konsulenttenester. Gjennom våre regionskontor, slik som i Florø, er vi til stades for ei rekke lokale verksemder og familiebedrifter der dei held til.

Vårt kontor reviderer i tillegg fleire bedrifter i andre regioner og vi deltar på team på tvers av kontor i heile landet. Som del av eit stort, internasjonalt selskap er det muligheiter for intern utveksling til andre forretningsområder eller til andre kontor både nasjonalt og internasjonalt.

Kontoret i Florø har ei fin blanding av nyutdanna og erfarne kollegaer. Nokre har vore her i under eit år, og andre i nærare 30 år. Vi har ein sterk kultur for kunnskapsdeling og satsar mykje på utvikling av kompetanse, gjennom både nasjonale og lokale kurs, og ein eigen coach som rettleier deg i karriereutviklinga.

Bli en del av Deloitte i Florø

Vi treng stadig fleire dyktige kollegaer, og vil gjerne høyre frå deg om du kunne tenke deg å være ein del av oss!

Søk her!

Nokre ord frå våre kollegaer
Benjamin O. H. Heimset jobba eit år i Bergen før han kom heim til oss i Deloitte Florø for litt over eit år sidan, og vi har spurt han om kva som er det beste med å jobbe i Florø;

«I Florø får ein jobbe med eit breidt utval kunder, og vi reviderer både store og mellomstore selskap innanfor havbruk, eigedom, industri, produksjon, handel med meir. Som nytilsett får vi mykje ansvar tidleg i karriera, og vi får prøve oss på nye og utfordrande arbeidsoppgåver tidlegare enn ein gjerne ville fått på større kontor. Vi har ein god balanse av kompetente kollegaer i ulike aldersgrupper, som i tillegg til god oppfølging er gode til å finne på sosiale ting utanom jobben». 


Tilgangen til sjø og fjell er blant tinga våre kollegaer trekk fram som positivt med å bu og arbeide akkurat her, og med fleksible arbeidstider er det rom for både å ha heimekontor på hytta i havgapet eller avspasere nokre timar for å ta seg ein fjelltur med familien.  

Tina Årberg Olsen er óg ein av dei som har vore hos oss det siste året, og om Deloitte Florø har ho følgjande å seie:

«Eg opplever at eg i Deloitte Florø får eit stort ansvars- og erfaringsområde, med ein kultur som satsar på den enkelte med god opplæring og oppfølging, sosiale arrangement, og muligheiter for sjølv å velge kor langt ein vil nå. Eg set også pris på den internasjonale og mangfoldige kulturen i Deloitte, og verdiene dei står for som er godt innarbeida i selskapet. Ein har i tillegg kommunikasjon og samarbeid med andre kontor i landet (og verda), slik at ein føler ein er del av det store, internasjonale selskapet som Deloitte er. Sidan Deloitte har eit stort fokus på bærekraft, har eg også fått muligheiter til å bidra med lokale samfunnsnyttige engasjement i arbeidstida. Deloitte Florø er ein moderne og framtidsretta arbeidsgjevar med gode utviklingsmuligheiter».

Kunne du tenke deg å jobbe på kontoret i Florø?

Vi treng stadig fleire dyktige kollegaer, og vil gjerne høyre frå deg om du kunne tenke deg å være ein del av oss!

Søk her